Per Are Flåm
Representant
3. kandidat
Per Are er 54 år og bur i Flåm
Han jobbar som anleggsleiar i Baneservice AS, som er eit entreprenørselskap innan utbygging og fornying av jernbane.
Politisk bakgrunn:
Tre periodar som medlem og leiar i forskjellige utval. Tre periodar som medlem i kommunestyret og ein periode i formannskapet.
Mine ynskjer for Aurland:
Me treng nye næringsareal, slik at både nye og eksisterande næringar kan utviklast og skape fleire arbeidsplassar i kommunen.
Kommunen skal bli drifta effektivt, og sikra gode og rimelege tenestar til alle innbyggjarane våre.
Me må stå på for å få dei yngre til å flytte heim til kommunen etter til dømes endt utdanning. Då er bustad og arbeid det viktigaste å leggje til rette for.
God instrastruktur i heile kommunen er naudsynt å settje fokus på og flaumsikring av Flåmsvassdraget må gjennomførast.