Bjørn Ståle Vike
Representant
6. kandidat
Bjørn er 69 år og bur i Aurland
Han er byggmeister og driv eit lite firma som er spesialisert i oppdrag på fjellet. Han og kona Tone driv også turistbedrifta 292 Aurland, på garden Tokvam. Familie, ski, fjellet og fotball gjer han godt på fritida.
Politisk bakgrunn:
Nytt medlem av Aurland Arbeidarparti, stiller som fersk kandidat i kommunen.
Mine ynskjer for Aurland:
Rusreforma og miljøkampen er to saker som har engasjert meg. Vassdraga våre vil eg kjempe for.
Me treng fleire møteplassar der me kan ta ein kopp kaffi og ein plass ungdommen kan møtast på kveldstid.
Me må ta godt i mot og integrere flyktningane som kjem til kommunen, dei vil vere ein viktig resurs.
Utviklinga av turisme i den vakraste bygda på vestlandet betyr svært mykje for meg.